Kan vi styre samfunnsutviklinga med innovasjon?
Av Alexander Myklebust, filosof og forsker ved NTNU
og forfatter av boka ”The Meaning of Innovation”
Publisert 19. oktober 2026
Artikkelen er skrevet for KÅKÅnomics 2026
I staden for å ende i teknologioptimistisk og teknologipessimistisk grøftekøyring treng vi ein samtale som både dreier seg om middel, og moralske drøftingar, av kva mål midlane skal tene til.
Dei siste åra har EU og Noreg tatt i bruk ein samfunnsoppdragsmodell i innovasjonspolitikken. Staten er tenkt å ta rolla som entreprenør som skal utløyse innovasjon på tvers av offentleg og privat sektor, og dermed sørge for at kapitalistisk konkurranse fører til samfunnsnyttige løysingar på dei mange store utfordringane som trugar naturmiljøet og storsamfunnet. Slike politiske tiltak verkar å kvile på ein tanke om at vi kan styre samfunnsutviklinga ved hjelp av innovasjon. Men kan vi eigentleg det?
Mange reknar den austerrikske økonomen Joseph Schumpeter (1883–1950) som tidenes viktigaste innovasjonsteoretikar, og økonomar med svært ulike teoretiske og innovasjonspolitiske standpunkt meiner å finne støtte i skriftene hans. Dei som meiner at den frie marknaden er best eigna til å skape innovasjonane som trengst for velståande og klimavenlege samfunn stør seg gjerne på den schumpeterianske teorien om entreprenøren som ein skapande kraft i økonomien, som gjev nytt liv der det gamle er i ferd med å rotne på rot. Dei som derimot meiner at staten kan og bør skape marknadar og peike ut retning for innovasjon, stør seg på den schumpeterianske analysen av rasjonaliseringstendensen i seinkapitalismen, der teknologisk endring har gjort det naudsynt med langsiktig planlegging, forsking og investeringar i store einingar for å skape innovasjon.
Når det nye øydelegg det gamle
Vi kan, verkar dei ulike Schumpeter-påverka økonomane å føresetje, skape politiske rammer som sørger for at innovasjon bidreg til å løyse problema og dekkje behova våre. Men om vi les skriftene til Schumpeter nøye kan vi fort finne eit ganske anna syn på innovasjon og samfunn. Jo visst, seier Schumpeter, har kapitalistisk innovasjon ført til betre liv for mange, men det kapitalistiske økonomiske systemet er ikkje rasjonelt og det er ikkje drive fram ved at det fører til gode og nyttige løysingar. Nei, entreprenøren er ikkje ein oppfinnar som lykkast ved å finne opp noko som folk ønsker seg eller treng, men er i staden ein person som skapar profitt og sosial status for seg sjølv. Ved å gjennomføre innovasjonsgjerninga undergrev entreprenøren det noverande økonomiske systemet, og skapar eit nytt. Han øydelegg for andre kapitalistar, samstundes som han gjer seg sjølv til kapitalist. Etter kvart vil nye entreprenørar øydeleggje det gamle til fordel for det nye.
Ifølgje Schumpeter lykkast kapitalismen så godt i å skape innovasjon at den undergrev seg sjølv. Kapitalismen skapar eit byråkratisert, rasjonalisert og teknifisert samfunn som legg til rette for statskapitalisme og sosialisme. Med det vil den dynamiske nyskapinga som konkurransekapitalismen opna for forsvinne. Schumpeter ville kanskje sett på vår tids samfunnsoppdragspolitikk som ei sosialistisk ordning, og hatt lita tru på at staten kan gjennomføre ei ålmenn retningsendring.
Kan utviklinga styrast?
Det viktigaste Schumpeter kan lære oss som er opptekne av innovasjon i dag er nok ikkje først og fremst kva for ein innovasjonspolitikk som er best eigna til å løyse krisene og utfordringane vi står overfor, og dermed skape velståande og lykkelege samfunn. Nei, i staden kan han lære oss å stille spørsmål ved trua så mange av oss deler på at samfunnnet kan styrast, gjerne med innovasjon.
Om Schumpeter hjelper oss til å stille filosofiske spørsmål om utvikling og innovasjon, er han kanskje ikkje alltid til så god hjelp når vi må ta avgjersler for framtida. I dag kan samtalen om innovasjon av og til verke å vere delt mellom teknologioptimistar som meiner at innovasjon er løysinga på det meste, og pessimistar som meiner at innovasjon helst er eit plussord som dekkjer over alle skadane moderne teknologiutvikling har ført med seg. Ein fornya samtale om dei schumpeterianske spørsmåla kan tene på å sjå til historikaren Francis Sejersted (1936–2015), som då han på 1980-talet stilte spørsmålet om vi kan styre utviklinga, åtvara mot både teknologioptimistiske og teknologipessimistiske grøftekøyring. Ved å røkte eit historisk medvit om utviklinga i fortida, kan vi kanskje også røkte ein samtale som både dreier seg om middel og moralske drøftingar av kva mål midlane skal tene til.
Arrangementer med Alexander Myklebust under KÅKÅnomics 2026: