Når sanninga slår sprekker
Av Klaus Mohn, rektor og professor ved Universitetet i Stavanger
Artikkelen er skrevet for KÅKÅnomics festivalavis 2025
Sterke interesser har etablert ei fellesfortelling om hovudlinjene i norsk økonomi, politikk og, ikkje minst, forvaltninga av oljerikdommen. Dermed blir det bråk når nokon lagar riper i glansbiletet. Eit godt opplyst grunnlag for prioriteringar og politikk, er i vår alles felles interesse. Desto viktigare er det at etablerte sanningar kan bli utfordra og kritisert. Her ligg den viktigaste kvaliteten ved årets mest omtalte debattbok.
Klaus Mohn. Foto: Marie Von Krogh
Med boka Landet som ble for rikt, har Martin B. Holthe rista grundig i gjengse oppfatningar av norsk økonomi og politikk. Premien kom i form av enorm merksemd frå norsk presse og, ikkje minst, med store salsinntekter frå eit lesande publikum. Boka gir ei forfriskande drøfting av skuggesidene ved rikdommen, spesielt når det gjeld svake prioriteringar og manglande disiplin i statsbudsjettet.
Uvant stil for økonomisk prosa.
Holte si form er korkje byråkratisk eller akademisk. Her er det historieforteljing av det appellerande slaget, med metaforar frå idrett, historie og krig, og med ei personorientert tilnærming til økonomisk politikk. Forma og stilen har nok gjort sitt til at merksemda frå akademikarar og politikarar dreiv mot svakheiter i den historiske og økonomiske underbygginga, og mot forenklinga og mangelen på realisme i forslaga til løysingar.
Historikarar peikar på haltande analyse av ulike periodar i norsk økonomisk historie. Samfunnsøkonomar peikar på misvisande framstilling av den økonomiske utviklinga, overfokusering på Oljefondet og undervurdering av sjølve oljeverksemda. Politikarar kritiserer den sveipande og forenklande framstillinga av kompliserte samanhengar og prosessar, og forskarar saknar spor av tidlegare opparbeidd kunnskap og innsikt.
Dei kritiske innvendingane reiser spørsmål rundt underbygging og premiss for analysen. Om denne kritikken held stikk, så blir det vanskelegare å feste lit til diagnose og medisinforslag. Debatten illustrerer uansett at forsvaret for det rådande narrativet er sterkt. Men kritikarane har ikkje hatt ein altfor vanskeleg jobb. Dette er synd, fordi boka rører ved fenomen som fortener meir positiv merksemd.
Kardinalsymptom på oljerikdom.
For Holte, er den kraftige auken i Oljefondet ein kjerne i problemstillinga. Fondet dobla seg i verdi frå 2013 til 2019, og har dobla seg nok ein gong i løpet siste fem åra. Med 20 000 milliardar kroner på fondet, gir avkastninga tilgang på 600 milliardar kroner til statsbudsjettet kvart år, som ikkje har opphav i ordinær verdiskapande verksemd.
Om intensjonane er aldri så gode, gjer overfloda at politikarane blir meir slepphendte og sløve i prioriteringane av offentlege utgifter. Dette er noko mange kan kjenne igjen, men som blir skuggelagt av den meir sjølvnøgde forteljinga om forvaltninga av naturressursar i Noreg.
Utfordringar som helst skulle blitt løyst gjennom harde prioriteringar, blir i staden saldert med nye løyvingar over statsbudsjettet. At alle parti av betyding, no har freda sjukelønsordninga, er eit døme på at politikarane gir slepp på potensielt viktige reformer i frykt for å støyte frå seg veljarar.
Tvilsame offentlege investeringsprosjekt.
I bakgrunnen har ein ei rekke offentlege investeringsprosjekt med store overskridingar og tvilsam lønsemd. Holte tek opp attreisinga av Regjeringskvartalet, og det er eit godt eksempel. Skipstunnelen gjennom Stadtlandet og den nye helseplattforma er andre eksempel på signalprosjekt der kostnadane er mykje høgare enn nytten for samfunnet. At slik ei sløsing står i samband med oljerikdommen er noko me bør snakke høgare om.
For næringslivet, har oljefondet ein liknande verknad som ei øskje erter har for duene i parken. På signal om statlege satsingar flokkar dei seg rundt Oljefondet. Og staten står klar til å ause ut subsidiar i milli ardklassen – til batterifabrikkar, havvind, karbonfangst og lagring med meir – men så langt utan overtydande resultat. Risikoen er at kapitalen blir feilallokert, at avkastninga blir dårleg og at verdiar blir øyda.
Sløsing med samfunnets ressursar, med andre ord.
Eit opprør mot elite og etablissement.
Holte har reist ein viktig debatt rundt vår omgang med oljerikdommen. I så måte er boka hans ein stor suksess, og for dette fortener han honnør. Boka treff ei tidsånd. Veljarar er frustrerte – over inflasjon og renteauke, svakare krone, høgare straumprisar, svake politiske prioriteringar, sløsing med skattepengar og meling av eigne kaker.
Med boka retter Holte eit spark mot etablissementet, som mange kan gni seg i nevane over, medan etablerte interesser går i skyttargravene. Forklaringa er at ein samtale om utfordringane ved oljerikdommen kan rokke ved førestillinga om Noreg som verdsmeister i ressursforvaltning, og forstyrre det sjølvnøgde tankesettet rundt den norske modellen. Dette bolverket står sterkt, blant politikarar, i næringslivet og i fagrørsla.
At utvinninga av olje og gass har ført mykje godt med seg vil dei færraste være ueinig i. Men likevel er det på høg tid å gjere slutt på førestillinga om at oljerikdom og overflod ikkje reiser utfordringar. Om Holte si bok kan bidra til å normalisere ein debatt om offentleg rikdom og ressursbruk, får me heller tole litt fornærmingar og at det samfunnsøkonomiske handverket ikkje står til laud.
Dette barnet er for viktig til å bli kasta ut med badevatnet.