Ein festival for fritenking i ei tid der kunnskap ofte er bestilt og betalt


Tekst: Klaus Mohn
Publisert 28. oktober 2021 i Stavanger Aftenblad


Når interessefri kunnskap er i ferd med å bli ein mangelvare, blir det stadig viktigare med kritiske spørsmål og opplyst debatt.

For tre veker sidan fekk eg ein invitasjon som gjorde at eg måtte tenke meg om. Det var Klimarealistene som ville ha meg med på lanseringa av eit nytt tidsskrift. Den enklaste utvegen ville vore å takke nei. Men så tenkte eg på kva Tomas Espedal har sag: «I valget mellom lette og vanskelige løsninger, må jeg velge de vanskeligste. Alltid! Derfor havner jeg andre steder enn der jeg trodde jeg skulle ende opp. Alt blir større. Jeg blir større.»

Mot til å mæle

Eg kom dermed til at eg ikkje kunne vike unna denne utfordringa, så stor vekt som eg har lagt på takhøgd, konstruktiv kritikk og verdien av mangfald i det offentlege ordskiftet. Så då takka eg altså ja.

Søndagen før arrangementet skulle gå av stabelen smalt det på Twitter, med brei og tung kritikk, frå menneske eg elles reknar som meiningsfeller og venar. Dei meinte at mi deltaking ville legitimere klimaskeptiske og antivitskaplege haldningar. Samstundes fekk eg omfamningar frå folk eg normalt er rykande ueinig med. Dei tenkte kanskje at eg ville kaste glans over lanseringa og ønske det nye tidsskriftet velkomen.

Situasjonen var i høgaste grad ugrei. Dette biletet måtte eg snu, og difor kom eg til Klimarealistene med ein kritisk og tydeleg bodskap. Så snart det blei kjent kva eg hadde sagt, blei det orden i rekkene igjen. Meiningsfellane kom tilbake i veneskaren, og dei som eg stort sett alltid har vore ueinige med, tok opp att kritikken.

Ideen om eit opent universitet vog tungt for meg i avgjerda. I tillegg gjaldt det ei sak som ligg meg nær, som er strategisk viktig for Universitetet i Stavanger, og som har stor betyding for politikk og samfunnsutvikling i Noreg. Bak eit parallellvitskapleg slør kan skepsis til klimaendringar nemleg legitimere ei vegring mot omstilling som mange kan la seg freiste av. Dette fann eg det viktig å stå opp mot.

Fem års festivalsuksess

Haldningane mine i slike spørsmål sit djupt, og er styrka av samarbeidet med Kåkånomics-festivalen dei seinaste åra. Kåkånomics er ein redaksjonsstyrt festival med ein litt rampete vri. Med frekke spørsmål, laus snipp, låge skuldrer, ingen plansjar, tett stemning, stor usemje og ikkje minst godt humør.

Festivalprogrammet er forma av sterkt engasjerte menneske som brenn for eit vidsynt økonomifag, for eit ytringsrom for fritenking og ikkje minst for verdien av eit opplyst offentleg ordskifte. Med god hjelp frå sterke nettverk har programinnhaldet utvikla seg år for år, til nærmare 100 arrangement med 150–200 deltakarar og 6000–8000 festivalgjester.

Eit opphavleg mål var å bli det for økonomiinteresserte som Arendalsuka er for politikkinteresserte. Etter kvart har det blitt tydeleg at Kåkånomics aldri kan bli like stor som Arendalsuka, for det får ein ikkje til utan å gi slepp på kontrollen med programinnhaldet. Men i kvalitet og attraktivitet kan ein i sanning konkurrere, og her er festivalen på god veg til å segle opp som eit lyspunkt i mørketida for alle med eit visst engasjement for økonomi og samfunnsutvikling.

Set kunnskapen fri

Så kva er problemet med festivalar, konferansar og debattar der programinnhald og regi er overlate til partane i ordskiftet? At resultatet blir ein arena for ulike særinteresser sin kamp om merksemd og ressursar. Når debattar blir designa av bestemte organisasjonar, næringsinteresser eller føretak, får ein altfor ofte friserte diskusjonar utan klare frontar og utan stor usemje, og med implisitte føremål om å nøre bestemte narrativ. I beste fall er slike debattar til å gjespe av. I verste fall kan dei vere villeiande og forvirre det offentlege ordskiftet.

Uavhengige arrangørar og arenaar for kritisk refleksjon blir stadig meir sjeldne, og dei få som er att, nærmar seg verneverdige. I dagens samfunn kjem ein ikkje unna at informasjon og kunnskap ofte er bestilt og betalt. Universiteta klamrar seg enno til tradisjonen, og Kåkånomics-festivalen deler mykje av det same verdigrunnlaget. Med stor vekt på kvalitet, relevans og integritet er dette institusjonar som i utgangspunktet har gode føresetnadar for å dele uhilda kunnskap og erkjenning med utgangspunkt i forsking, formidling og debatt.

Det er spørsmåla som driv oss

Heller enn å legge band på ordskiftet, bør spørsmåla bli sett i høgsetet. Bør ein arbeide mindre eller meir? Bør ein halde opp med oljeutvinninga? Er økonomifaget høgrevridd? Er klimapolitikken på villspor? WTF is NFT? Slik kan ein søkje å fri seg frå dogme som «utvikling heller enn avvikling» for olje- og gassnæringa, «vekst, verdiskaping og sysselsetting» for økonomi og næringsliv og «samarbeid, nytte og næringsutvikling» som premiss for utdanning og forsking.

Konstruktiv kritikk er eit særmerke ved kunnskapsutviklinga ved universiteta, og bør få ei meir sentral rolle også i politikk og samfunnsutvikling. Når interessefri kunnskap er i ferd med å bli ein mangelvare, blir det stadig viktigare med kritiske spørsmål og opplyst debatt rundt alle agendabaserte analysar og betalte bodskap. Ingen av debattane under Kåkånomics er drivne av ein bestemt agenda.

Idealet er heller å invitere til felles fritenking utan fordommar, utan skylappar – og utan å bli styrt av bestemte mål eller interesser utover eit genuint engasjement for frisk debatt og idealet om å dele kunnskap og erkjenning gjennom eit opplyst, høveleg ordskifte.

Forrige
Forrige

Eg tok heilt feil om Wonderful World