Å gjere verda bittelitt betre, eit tal om gongen!


Av Annette Alstadsæter
Professor ved NMBU og leiar av Skatteforsk – Centre for Tax Research

Artikkelen ble først publisert i KÅKÅnomics festivalavis 13. oktober 2023


Kjære festivalpublikum! Kunnskap er makt, seiast det. Diverre verkar det ofte som om den offentlege debatten handlar om kven som kan rope høgast, uavhengig av kva ein bygger argumenta på. I ei tid der dei rike stadig blir rikare, pengar er makt og lobbykraft og innverknad kan kjøpast, så vil me på Skatteforsk – Centre for Tax Research ved NMBU på Ås vere ei motvekt. Målet er å bidra med forskningsbasert kunnskap til den offentlege debatten og til politikkutforminga.

Under KÅKÅnomics-veka er forskarar frå heile verda samla på UiS på den årlege Skatteforsk-konferansen.

Saman med EU Tax Observatory i Paris lanserer me 25. oktober ein heilt ny interaktiv database på KÅKÅnomics: «Atlas of the Offshore World». Dette namnet er litt forvirrande for oss rogalendingar, då me automatisk tenker på oljå. Men i denne samanhengen betyr offshore berre utlandet.

Denne nye globale databasen er finansiert av Norad og har interaktive presentasjonar av kor mykje pengar folk i ulike land har i skatteparadis, kor mykje eigedom dei har utanfor eige land og kor mykje kvart enkelt land taper på dei multinasjonale selskapas overskotsflytting. På denne måten blir forskingsresultat tilgjengeleg for alle og kan lettare brukast av journalistar, myndigheiter og sivilsamfunn.

I ein global økonomi der pengane flyttar seg over landegrenser og mellom institusjonar på ein augeblink så er me framleis der at Skatteetatens og andre myndigheiters autoritet og informasjonstilgang stor sett stoppar ved grensa.

Hemmeleghaldet som skatteparadis tilbyr er ei ettertrakta vare. Det legg til rette for skatteunndragelse, men også korrupsjon, kvitvasking og anna kriminalitet. For første gang er det nå mogleg å få oversikt over kven som har eigedomar i eit skatteparadis, og kor mykje av Norge som eigast frå skatteparadis.

Dei siste åra har Norge i regi av OECD inngått avtalar om automatisk utveksling av finansinformasjon med  over 100 land, noko som gjer det meir krevjande å gøyme pengar i utanlandske bankar. Det er ikkje lengre så lett å ha ein hemmeleg konto i Sveits, og så reise dit for å hente plastposar med pengar.  Men eigedom er ikkje med i denne informasjonsutvekslinga og det ser ut til å at pengar nå flyttast over i utanlandsk eigedom. Men korleis kan ein måle dette?

Det løyste seg då me fekk tilgang til lekka data frå den Washington-baserte tenketanken C4ADS om alle eigedomane i det populære skatteparadiset Dubai. Me fann at minst 27% var eigd av utlendingar, og at dette talet var enda høgare i dei dyre områda av Dubai. Majoriteten av dei norske eigarane hadde ikkje rapportert eigedomane sine i Dubai her heime. Prosjektet var eit unikt samarbeid med journalistar. E24 leia samarbeidet med over 25 mediehus verda rundt. Medan forskarane jobba med å finne mønster, verdiar og landfordeling av eigarskapet av Dubais eigedomar, så jobba journalistane på si side fram mange enkeltsaker under emneknaggen #DubaiUncovered.   

Men me treng ikkje reise så langt for å finne skjult eigarskap. DN har nyleg dokumentert i ei rekke artiklar at utlendingar eig stadig meir av norsk eigedom, samt kraftverk, ambulansefly og havneanlegg. Nasjonale sikkerhetsmyndigheiter framhevar dette som ein trussel i dagens geopolitiske situasjon, at me ikkje veit kven som eig kritisk infrastruktur. Tidlegare forskning frå Skatteforsk viser at heile 10 prosent av selskapseid norsk eigedom var eigd frå utlandet i 2017. Skatteparadis, og særleg Luxembourg, står for ein aukande andel.

Samtidig ser me at ein ny internasjonal skattekonkurranse er i full gang, nemleg kampen om dei rike og deira pengar. Sveits har utmerka seg som ein favorittdestinasjon for rike som vil sleppe unna skatt. Nå er det for lett å flytte frå skatterekninga. Skatteavtalar utholar norsk regelverk og utnyttast av andre land. Det er på tide å ta denne skattekonkurransen om folk på alvor og tette flytte-smuttholet i skatteavtalen med Sveits.

Tal er viktige, men dei må også settast i kontekst for å kunne brukast. Me bruker nå tala frå «Atlas of the Offshore World» og bygger i tillegg på forskninga til over 100 forskarar over heile verda, som ofte har samarbeida med skattemyndighetene. Og for første gong settest all denne kunnskapen saman i den nye «Global Tax Evasion Report 2024» frå EU Tax Observatory, under leiarskap av den verdskjende økonomen Gabriel Zucman. Målet er å finne kor stor den globale skatteunndragelsen er totalt og kva dette kostar samfunnet. Zucman er sjølve med oss i Stavanger 25.oktober og snakkar om dette ved fleire arrangement under KÅKÅnomics.

Smutthol og inkonsistente regelverk gjer skattetriksing mogleg. Når nokon betaler mindre skatt enn dei skal, må andre betale meir. Eller vi må kutte rekninga og redusere velferdsgodene. Det går ikkje lengre å bare seie at «vi støtter og følger prosessane i OECD» og vente på den store og forjetta internasjonale avtalen som skal fikse alt på ein gong, for den kjem ikkje. Den soveputa er utdatert.

Vi bestemmer sjølv lover og reglar. Og nå er det opp til oss å starte og fikse åpenberre feil og smutthol her heime. Så kan vi gjere verda litt betre, endring for endring, eit tal om gongen. ∎

Forrige
Forrige

Quiet Quitting, generasjon Z og arbeidslivet

Neste
Neste

Trenger Stavanger virkelig et nytt innovasjonsdistrikt?